Siv og Ingeborg i New Zealand

Så langt har opphaldet vårt her i New Zealand vore heilt ubeskriveleg fantastisk! Me har sett så mykje, opplevd så mykje nytt, møtt så mange hyggelege menneske og ikkje minst, utforda oss sjølv gang, på gang, på gang. Kva gong ein overvinne desse barrierane som ligg langt utanfor komforsona eins, sete ein tilbake med ein slik herleg følelse av suksess. Kvar erfaring ein får, kvar barriere ein bryter ned gjer at ein endre seg litt etter litt. Eg føler med definitivt som ein noko annan person no enn då eg forlot Noreg :)

Å tenka at me ikkje er halvvegs gjennom eventyret vårt ennå er berre heilt herleg! hehe :)

For tida tilbringer me dagane i Queenstown kor me har funnet oss jobb begge to. Ingeborg på ein kinesiskeigd suvenirbutikk og eg som servitør på indisk restaurant. I tillegg har me skaffa oss "work for acom" på det vetle hostelet Bungy Backpackers, så me har fiksa oss godt :)

Me stortrivast her i denne vetle byen og med jobbane våre. Ser no fram til å feira jula ilag, sjølv om det blir litt merkeleg utan kvit snø eller norsk julemat... Og det vil nok komma ei stund kor me kjem til å savna familiane og vennane våre, men det er jo berre ein del av oppleveslen. I år blir det jul på New Zealansk vis med BBQ, bikini og solfaktor 30, i selskap me alle vennane våre på hostellet sjølvsagt :)

Så må dåke ha ein strålande jul der heima i Noreg! Me skal iallefall kosa oss :D

God jul og godt nytt år!

Beste helsing,
Siv & Ingeborg

Dette er et reisebrev fra en av deltakere på vår Work & Travel Nya Zeeland program i 2013.

Hem » Reseberättelse » Siv og Ingeborg i New Zealand

Hanna F beställde vårt Work & Travel Australien program för 14h sedan. Är det något för dig också??!